Buss og bil i trafikkulykke i Bremanger

Artikkelen er over 1 år gammel

Vegen er opna att.

DEL

Ein bil og ein buss har kollidert ved Oteren på fylkesveg 616 mellom Elde og Endal i Bremanger. Det skal vere to personar involverte, men ingen er fastklemde, melder politiet.

– Begge er bevisste. Sjåføren av personbilen, ei kvinne, har vondt i brystet og hovudsmerte. Bussjåføren skal vere uskadd, meir enn det veit eg ikkje no, seier operasjonsleiar Lars Geitle hos politiet.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.56. Klokka 16.30 er vegen mellom Smørhamn og Isane stengt.

– Dei prøver å få flytta bussen, men kor lenge vegen blir stengt er ikkje avklart, seier Geitle.

Årsaka til ulykka er ukjent.

Klokka 19.20 melder vegvesenet at vegen er opna etter bilberging.

Les også: Brøytebil i full fyr ved tunnelinngang

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags