– Det verste scenarioet er ein ung førar som køyrar i hel eit barn, eller skadar seg sjølve eller andre

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjåfør grisekøyrte så ille på moped, at politibilen ikkje greidde å ta den att

DEL

Politiet reagerer:I lengre har politiet i Bremanger fått fleire klager på det dei kallar villmannskøyring på trimma mopedar. Etter fleire åtvaringar til foreldre og ungdommar, både på sosiale media og andlet til andlet, har likevel klagene framleis strøymde inn til lensmannskontoret.

Sivil politibil la på hjul etter mopedist

Køyringa skal særskilt vere gale i Ytre Bremanger. Dei førte  til at politiet la seg på fire hjul, i ein sivil politibil, og vart vitne til ei villmarkskøyring på moped som var så grov at dei fortel om hendinga på Facebook.

Dette skriv Firdaposten

Politiet forklarer at når dei offisielle patruljebilane kjem gjennom Oldeidstunellen så veit ungdommane i ytre raskt at dei trimma mopedane må stå parkert.

 I den sivile politibilen derimot er dei vanskelegare å vite om.

– I går kom vi nesten til Grotle før vi møtte ein mopedist i noko stor fart. Den sivile politibilen vart ikkje så sivil lenger etter at vi snudde for å stoppe mopeden. Før vi hadde snudd var mopeden fleire hundre meter vekk i ein valdsam fart. Vi følgde eit stykke i eit tempo vi meinte var forsvarleg, men bilen vår køyrer korkje ut på kaikantar eller over grasplenar, så mopedisten forsvann. Anslått hastigheit er ikkje under 90 kilometer i timen, skriv politiet i Facebook-innlegget.

Ville ikkje trigge føraren

– At vi ikkje set etter mopedane i ei slik fart på tronge vegar i Ytre Bremanger er enkelt å grunngje med at vi er redd det skal gå alvorleg gale. Det vil antakeleg berre trigge føraren.

– Det verste scenario vi ser for oss i ein slik fart på eit køyretøy som ikkje er konstruert for det, er ein ung førar som køyrar i hel eit barn, eller skadar seg sjølve eller andre på vegen. Aller verst om det skulle skje på flukt frå politiet berre fordi han ikkje vil vise sin trimma moped.

Ber om offensive foreldre og hjelp frå publikum

Politiet endar innlegget med ei klar oppmoding til foreldre om å verte meir offensive:

– Det held ikkje med at ungdommen sjølv seier han ikkje har trimma moped når vi veit at aksept i kameratgjengen ofte vegar tyngre enn kva foreldra seier. De må ut og sjekke at mopedane ikkje går opp i 50 kilometer i timen som er maks lovlege hastigheit for dette køyretøyet.

Politiet går enno lenger i oppmodinga til foreldra, og ber dei selje mopeden om ungdommane ikkje følger foreldra sine beskjedar.

– Ungdom har ikkje noko å gjere på ein tohjuling før han vert vaksen i hovudet.

Politiet tek seg samstundes tida til å komme med klare oppmodingar til dei som klagar på villmarkskøyringa, der dei ber om tolmod og hjelp.

– Om de ser denne køyringa, så prøv å gje oss registreringsnummer på mopedane. Det vil hjelpe oss mykje.

Artikkeltags