Brannvesenet gav opp – klatrar måtte redde «Heisann»

I denne furua vart katten oppdaga. Seinare klatra han endå høgre opp, og måtte bergast ned av ein klatrar.

I denne furua vart katten oppdaga. Seinare klatra han endå høgre opp, og måtte bergast ned av ein klatrar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Facebookaksjon berga forvilla katt frå 20 meter oppe i eit tre.

DEL

– Eg er kjempeglad for at han er tilbake, men no slepp han ikkje ut med det første, seier Anja Senneset frå Svelgen og ler, medan ein noko sliten katt ligg og slappar av i nærleiken.

Ho er fôrvert for katten «Heisann», ein to år gammal katt, som sette ein real støkk i ho – og truleg seg sjølv, då den vart sitjande fast i toppen av eit furutre denne veka. Så høgt oppe at den måtte ha klatrehjelp for å bli berga ned.

Var sakna

Senneset fortel at katten først var meldt sakna sidan måndag, og at ho og fleire var ute og leita etter den. Men til inga nytte.

Fredag føremiddag vart ho derimot varsla om at katten var observert i eit tre ved skogsvegen opp til Moldahytta, og rett etter jobb reiste ho, sambuaren og søstera hennar opp for å redde katten ned.

– Vi hadde med stige, og prøvde å klatre opp for å hjelpe den ned, men den vart skremt endå lenger opp i treet, seier Senneset, som då spurde om hjelp på Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane sine Facebooksider.

15-20 meter

Etter tips ringde ho Linda Leirvik i Mestringsgården klatrepark, som igjen ringde rundt etter nokon som kunne klatre opp for å redde ned katten.

Saka held fram under bildet.

Det er liten tvil om at «Heisann» har roa seg ned, dagen etter klatrestuntet.

Det er liten tvil om at «Heisann» har roa seg ned, dagen etter klatrestuntet. Foto:

Brannvesenet hadde tidlegare prøvd å få ned katten, utan hell.

Løysinga vart svigersonen til Linda, Byron Roca. Etter å ha lånt klatreutstyr, henta han ned «Heisann» kring midnatt fredag, etter å ha klatra det Anja Senneset tippa å vere kring 15–20 meter oppe i treet.

– Vi hadde hjartet i halsen, for treet var glatt, seier Senneset, som fortel at «Heisann» trengde litt overtaling for å bli med på turen ned.

Med litt kattegodteri vart vegen opp i ryggsekken til klatrar Byron litt lettare. Og med katten i sekken var vegen til trygg grunn kort unna.

Har klatra før

– Vi er kjempeglade for den hjelpa vi fekk av Byron for å hente han ned, seier Senneset, som også takkar alle som delte Facebookinnlegget, slik at ein klatrar kunne komme på plass.

Kor lenge katten hadde vore i treet, veit ho ikkje, men ho fortalde at det var ein kald og svolten, men heldigvis ikkje frostskadd katt som kom inn i varmen att på natta.

– Han er i fin form no. Han ligg her og slappar av, seier Senneset laurdag føremiddag.

Ho fortel at den firbeinte vanlegvis er ein heimekatt, og at han ikkje plar å stikke av.

– Men vi måtte ha klatrehjelp for å få han ned ein gong tidlegare. Det var endå høgre oppe, seier matmor, som ikkje forstår kvar klatrelysta til katten kjem frå.

– Han var jo livredd juletreet vårt, så eg er jammen ikkje sikker, seier ho.

Artikkeltags