Brannmannskap har kontroll over lyngbrann - men ber folk halde vindauga lukka

Artikkelen er over 2 år gammel

Bremanger: Det har brote ut lyngbrann ved Rylandsvatnet i Bremanger.

DEL

SISTE: Like over klokka 18 kjem politiet ut med melding om at folk i Deknepollen vert oppfordra til å halde vindauga lukka, då røyken frå Bremanger slår ned i dette området.

Politiet melder at brannvernet har rykt ut etter meldingar om røyk ved Rylandsvatnet i Bremanger.

Det synte seg å vere ein lyngbrann, og så langt er om lag 100 mål svidd av i brannen.

Klokka 15. 15 melder politiet at det føregår sløkkearbeid på staden.

Få minutt seinare melder brannmannskapa at dei har kontroll, og at det ikkje skal vere fare for at brannen spreiar seg til bustadområde.

Brannårsaka er så langt ikkje kjend.

Artikkeltags