Ubemanna truck tok fyr på Elkem

DEL

Klokka 07.50 fekk Alarmsentralen i Sogn og Fjordane melding om brann i ein staketruck på Elkem i Svelgen.

Trucken stod inne i ein hall og var ikkje bemanna då den tok til å brenne.

– Brannvesenet var raskt på plass og fekk sløkt brannen. Det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg, seier Oddbjørn Aune på Alarmsentralen.

Kva som er årsaka til brannen er førebels ukjent. Politiet er på staden for å etterforske brannen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags