Brøytebil i full fyr ved tunnelinngang

UTBRENT: Brøytebilen stod i full fyr i 14-tida onsdag. Klokka 15.10 var brannen sløkt.

UTBRENT: Brøytebilen stod i full fyr i 14-tida onsdag. Klokka 15.10 var brannen sløkt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Opnar tunnelen igjen etter fleire timar stenging

DEL

Klokka 13.55 fekk politiet melding om brann i ein brøytebil ved inngangen til Bortnetunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger.

Naudetane rykte ut til staden, og det blir meldt at sjåføren, som var åleine i bilen, er ute i god behald.

Klokka 14.22 fortel vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Frode Eide, at brannmannskap er på staden og at sløkkingsarbeid pågår.

Stod i full fyr

– Vi har fått meldingar om at det brenn godt i brøytebilen, og at den er i full fyr, seier Eide.

Brøytebilen står eit par hundre meter på utsida av tunnelinngangen, og vaktleiaren fortel at det ikkje har komme røyk inn i tunnelen. Politipatruljen som er på staden meldte om kraftig, svart røyk stige opp i området.

Brøytebilsjåføren er ein 40 år gammal mann. Vedkommande er tilsett av helsepersonell på staden, og er klarert. Han har ikkje skader, heller ikkje røykskader.

Vegen opnar att

Tunnelen var stengt i fleire timar, men klokka 16.30 seier operasjonsleiar Lars Geitle at det nærmar seg opning.

– Brannen er sløkt, og brøytebilen står enno i eine køyrefeltet på sørsida av tunnelen. Det vil ta litt tid å få flytta den. Tunnelen blir opna med leiebil no snarast, seier Geitle.

BERGA: Onsdag kveld var Førde bilberging på staden og flytta brøytebilen. Klokka 20.20 blei det jobba med opprydding på staden.

BERGA: Onsdag kveld var Førde bilberging på staden og flytta brøytebilen. Klokka 20.20 blei det jobba med opprydding på staden. Foto:

Klokka 15.10 var brannen sløkt, opplyser Frode Eide ved Alarmsentralen.

– Då blei det jobba med ettersløkking, men det var ikkje flammar igjen. Det var ein god del varme i køyretøyet, som måtte kjølast ei god stund. Det var litt lekkasje av olje som brann, då er det litt verre å sløkke, seier Eide.

Klokka 17.30 er det eit par stykke att frå brannvesenet på staden.

– Bilbergaren var framme klokka 17. Dei er starta med å fjerne bilen, seier Eide.

Ifølge vegvesenet er det manuell dirigering på staden.

Årsaka ikkje kjent

Årsaka til brannen er ikkje kjent. Politiet melder på Twitter at det ikkje er farleg gods i brøytebilen.

Les også: Buss og bil i trafikkulykke i Bremanger

Artikkeltags