Brann utanfor smelteomn på Elkem

SVELGEN: Brannen skal vere sløkt.

DEL

Vest politidistrikt melder torsdag kveld klokka 20.13 om brann utanfor ein omn på Elkem i Bremanger.

Brannen skal vere sløkt, og det er ingen skadde etter brannen, ifølgje politiet.

Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Florø fortel at dei fekk meldinga klokka 19.58.

– Det er muligens ein truck som hadder leke olje som har starta brannen, seier Gjesdal.

Han fortel at brannen vart oppdaga og varsla av arbeidarar på smelteverket. Dei sløkte brannen før brannvesenet kom til staden.

– Brannmannskap er no på staden og kontrollerar, seier Gjesdal.

Artikkeltags