Brann 15 meter frå hus i Svelgen

Meldar held flammane unna med hageslange. Like etter klokka 10 var brannen sløkt.

DEL

– Meldar prøver å halde flammane unna med ein vass-slange.

Det sa operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt klokka 09.39 onsdag morgon.

Både brannvesen og politi var då på veg til ein gras-/lyngbrann i Svelgen i Bremanger.

Brannen skal ha starta i terrenget, opplyser Knappen, men området der det brenn er like ved busetnad. Det er noko vind på staden, men meldingar politiet har fått tyder på at det bles i retning vekk frå husa.

Politiet melde først at brannen var berre fire meter frå eit hus, men klokka 09.48 korrigerte dei dette til 15 meter. Då var brannvesenet framme på staden og i gang med sløkking.

Området som brann var ifølge politiet mellom 10 og 12 kvadratmeter stort. Klokka 10.10 opplyste vaktsjef Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Florø at brannen var sløkt.

– Brannvesenet held no på med nedkjøling, sa han då.

Han minner samstundes om at det er totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Det gjeld også bruk av eingongsgrillar og forbodet gjeld også i strandsona.

– Det er farleg tørt ute no, og med alt det daude graset er det viktig at folk overheld forbodet, seier Korneliussen.

Artikkeltags