Bilbrann utanfor tunnel i Bremanger

To ungdommar klarte å komme seg ut av tunnelen og ut av bilen før han stod i full fyr.

DEL

Ein mann og ei kvinne var på veg nedover den 4,8 kilometer lange Bortnetunnelen på fv. 616 i Bremanger då dei såg at det kom gneistar ut av personbilen.

Stod i full fyr

– Heldigvis kom dei seg ut av tunnelen og ut av bilen før det tok til å brenne skikkeleg, fortel Espen Rysjedal, vaktleiar på Alarmsentralen i Florø.

Ungdommane fekk stogga bilen på nordsida av tunnelen, og like etter stod bilen i full fyr.

– Det må har vore ganske dramatisk, konstaterer Rysjedal.

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 14.04. Naudetatane rykte ut og litt før klokka 14.30 hadde brannvesenet skumlagt bilen.

Vegen var stengd i ein periode grunna ulukka. Klokka 14.45 melde Vegtrafikksentralen at vegen igjen er open for trafikk.

Artikkeltags