Gå til sidens hovedinnhold

May Britt frå Breim vidare i den nasjonale finalen som «Årets fotballmamma»

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Trebarnsmora kjempar om 50.000 kroner til sin lokale klubb og den gjæve tittelen som Årets fotballmamma.

May Britt Solheim Kvellestad frå Egge i Breim flekk flest stemmer i den lokale avstemminga i «Årets fotballmamma»-kåringa til Obosligaen.

No skal ho representere Sogndal Fotball i den nasjonale finalen, kor alle 16 Obos-klubbane stiller med éin kandidat kvar.

Solheim Kvellestad har allereie vunne 10.000 kroner til sin breiddeklubb Breimsbygda IL. Vinn ho finalen, vankar 50.000 kroner til Breimsbygda IL, og breimingen kan kalle seg årets fotballmamma.

Sogndal Fotball kjem til å markere Solheim Kvellestad og Breimsbygda IL på kampen mot Notodden den 11. november, seier konstituert dagleg leiar Hilde Østbø i Sogndal Fotball.

– Vi har invitert ho og familien til Fosshaugen, og så får dei vere i losje hos oss, så skal vi markere med ei overrekking i pausen, seier ho.

Les meir om ho her:

Les også

May Britt kan bli årets fotballmamma

Kommentarer til denne saken