Helsedirektoratet foreslår at brann- og redningsmannskap kan vere akutthjelparar

FLEIRE OPPGÅVER: Brann- og redningsmannskap burde kunne gje førstehjelp ved alvorleg skade eller sjukdom i påvente av ambulanse, meiner Helsedirektoratet. Bildet er frå opninga av nytt tilbygg på brannstasjonen på Sande.

FLEIRE OPPGÅVER: Brann- og redningsmannskap burde kunne gje førstehjelp ved alvorleg skade eller sjukdom i påvente av ambulanse, meiner Helsedirektoratet. Bildet er frå opninga av nytt tilbygg på brannstasjonen på Sande. Foto:

Av

Brann- og redningsmannskap kan vere akutthjelparar, meiner Helsedirektoratet. Blant oppgåvene er å gi førstehjelp ved alvorleg skade eller sjukdom i påvente av at ambulanse kjem til staden.

DEL

Helsedirektoratet har vurdert fleire grupper som aktuelle for å delta i ei akutthjelparordning. Desse gruppene skal kunne yte livreddande førstehjelp ved alvorleg skade eller sjukdom medan ein ventar på at ambulansen kjem til staden.

Dei gruppene direktoratet har vurdert som mest aktuelle for å vere akutthjelparar, er innsatspersonell frå brann- og redningstenesta i aktiv beredskap, helsepersonell frå primærhelsetenesta i aktiv beredskap og mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Redningsselskapet i aktiv teneste/beredskap, skriv NRK.

Direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Cecilie Daae er kritisk til forslaget om å bruke brann- og redningsmannskap til denne oppgåva.

– Vi meiner det er ei rekke oppgåver og forhold som må greiast ut. Det gjeld til dømes tenkinga om at brann- og redningsmannskap skal opptre som helsepersonell, seier Daae til NRK.

Ho seier dei er uroa for pasientar som har krav på nødvendig helsehjelp, og meiner det vil krevje ei betydeleg kompetanseheving hos brannpersonellet.

Steinar Olsen, avdelingsdirektør for akuttmedisin og beredskap i Helsedirektoratet, viser til at alle dei tre naudetatane har som primæroppgåve å redde liv, og strekar under at brannmenn skal vere medhjelparar, ikkje erstatte helsepersonell, skriv NRK.

Artikkeltags