Rykte ut til brann på smelteverk – synte seg å vere vassdamp

Artikkelen er over 1 år gammel

SVELGEN: Anlegget vart stengt ned i ein kort periode for ventilering.

DEL

Klokka 15.17 melde Vest politidistrikt om ein brann i ein vegg ved smelteverket Elkem i Svelgen.

Hendinga vart meldt klokka 12.49, men synte seg å vere vassdamp.

Anlegget vart stengt ned ein kortare periode, grunna ventilering. Mannskap frå brannvesenet og politiet har vore på staden.

– Ein stans i ventilasjonen har ført til damputvikling. På grunn av dette danna det seg saltsyre inne på området, som då blei sperra av. Det vart og sett i gang med ventilering. Klokka 14.34 var verket tilbake i normal drift att, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Bergen, til Firdaposten.

Artikkeltags