Brann i trafokiosk i Midlang

Artikkelen er over 1 år gammel

VIK: Brannen er no sløkt.

DEL

Klokka 8.42 rykte brannvesenet og politiet ut til Midlang i Vik, der det brann i ein trafokiosk på om lag 3x3 meter. Brannen blei varsla av ein innringar klokka 08.40.

Brannvesen og politi kom fram til staden klokka 08.50, og fekk kontroll på brannen klokka 09.05.

– Dei har opna nokre luker og driv med sløkking. Det er snakk om ein liten trafo, og det er ikkje fare for spreiing, sa Dan Inge Gjesdal, vaktleiar ved alarmsentralen, til Firda klokka 09.07.

Ekstremt giftig røyk

– Men røyken frå trafostasjonen er ekstremt giftig, så dei som bur på det nærmaste gardsbruket har fått beskjed om å halde seg på avstand, heldt han fram.

Klokka 09.10 blei det rapportert om at brannen var sløkt.

– Utrykkingsmannskapet har returnert, og det er avslutta på staden, seier Gjesdal klokka 10.

Dei veit ikkje årsaka til brannen.

Artikkeltags