Stor skogbrannfare ei rekke stader i landet

Av

Klikk på aktiver kart nedst til venstre i kartet å sjå korleis skogbrannfaren er på ulike stader i landet.

DEL

Det er stor skogbrannfare i nesten fylka i landet. I Sokndal, der ein stor skogbrann har ført til at fleire hundre har måtta evakuere, aukar vinden onsdag.

Det er fare for skogbrann, og dessutan gras- og lyngbrann, på rundt 100 stader over heile landet, opplyser Meteorologisk institutt.

Desse områda ligg i alle fylka utanom Finnmark.

Både i Hedmark, Buskerud, Akershus, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Trøndelag er faren stor i ei rekke kommunar. Også i nokre kommunar i Sogn og Fjordane er det stor fare for skogbrann.

Aukande vind

I Rogaland herjar ein stor skogbrann i Sokndal. Om lag 7.500 mål har brunne onsdag morgon, og brannen er ikkje under kontroll. Fleire hundre personar er evakuerte.

Og vêrmeldinga viser aukande vind og for lite regn til at det kan ha tyding for skogbrannen.

Det vil vere liten til stiv austleg kuling som aukar dei neste timane. Kraftige vindkast i fjella vil dessutan ramme områda der det no brenn.

– Det vil vere sterk kuling i kasta, og med inntil 27 meter i sekundet, seier meteorolog Skålevik Valved til Stavanger Aftenblad.

For lite regn

Det blir meldt om regnbyer i brannområdet onsdag ettermiddag. Allereie onsdag morgon har det komme lokale regnskur, mellom anna i Sogndalstrand, men det skal ifølgje meteorologen komme berre 2 millimeter regn i brannområdet.

– Det er altfor lite til at brannfaren blir redusert. Og sjølvsagt for lite til å sløkke brannen som går føre seg, seier Valved.

Ifølgje meteorologen må det komme mellom 10 og 20 millimeter regn for at marka skal bli så våt at brannfaren blir kraftig redusert. Det vil ikkje komme mykje regn før fredag kveld, og første del av laurdag.

I tillegg er det noko fare for tore og lyn i brannområdet.

(©NPK)

Artikkeltags