Røykutvikling i tunnel på fv. 50

DEL

Fv. 50 Stondaltunnelen mellom Aurland og Hol er stengd etter melding om røykutvikling i ein bil. Naudetatane rykte ut litt etter klokka 15.00.

Klokka 15:50: – Det er oppdaga ein forlaten elbil. Ingen veit kor eigaren er. Det er forventa at tunnelen blir stengd i fleire timar, opplyste Vegtrafikksentralen.

Operasjonssentralen har fått beskjed av brannvesenet at det ikkje er snakk om ein brann, men feil med det elektriske anlegget i tunnelen.

Klokka 16.00 sa Alarmsentralen dette: – Det er ingen brann i elbilen som er funnen. Dei som har køyrt bilen har truleg gått ut av fordi det var mykje røyk i tunnelen, fortalde vaktleiar Nina Andal.

Stondaltunnelen har ikkje ventilasjonsanlegg. Difor vil tunnelen vere stengd i fleire timar, var beskjeden då.

Klokka 16.45 melder Vegtrafikksentralen at situasjonen er avklara og at det igjen er fri ferdsel.

Artikkeltags