Brannen i ein brakkebustad i Vågsøy er no sløkt

DEL

Politiet fekk melding om røykutvikling i ein brakkebustad i Raudeberg i Vågsøy klokka 08.11 i dag tidleg. Klokka 08.19 bekreftar dei at det er snakk om ein brann. Brannen er no sløkt.

– Det er meldt om at veggane og taket der brannen har starta er godt utbrent, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Brakkebygget som brann har åtte leilegheiter med fem bebuarar. Det er arbeidarar som bur i leilegheitene, og alle var på jobb då brannen starta.

Brannvesenet sende likevel inn røykdykkarar for å sjekke at bygget var tomt.

– Ein veit kva del av bygget brannen har starta opp i, men det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen, seier operasjonsleiar Knappen.

Artikkeltags