Brann i trailer nær rv. 5 – sjåføren sløkte brannen sjølv

DEL

Brannen i traileren vart meldt litt etter klokka 15.30 laurdag ettermiddag.

Då stod den litt forbi krysset til Grov på fv. 614 i retning Bremanger. Brannen var i eit skap på hengaren, og meldar klarte å sløkke brannen sjølv.

– Vi er på plassen. Det har vore eit branntilløp på ein semitrailer, men sjåføren oppdaga det og fekk stoppa og tatt straumen slik at det roa seg. Det var ikkje flammar då vi kom fram, seier Frode Eide på Alarmsentralen litt etter klokka 16.30.

Vi opprettar ei sak på hendinga, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy.

– Brannen var i overbygningen på hengaren. Sjåføren fekk truleg i seg litt røyk, men er ikkje eksponert for varme. Traileren har køyrt vidare for eigen maskin.

Kva som er årsaka til brannen er ukjent.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags