Brann i frityrgryte på Esso i Stryn
Klokka 21.22 måndag ettermiddag blei det meldt om brann i ei frityrgryte på Esso i Stryn. Det melde Vest politidistrikt like før klokka 22.
Brannvesen og politi vart sende til staden, men politiet opplyser at eigaren sjølv hadde fått sløkt brannen ved hjelp av eit C02-apparat og eit brannteppe.
Det var litt røyk i lokalet etter hendinga.
– Eigaren har fått i seg litt røyk og tar seg ein tur på legevakta, opplyser politiet.