To personar får helsehjelp etter husbrann

Det brann i ein einebustad i Sogndal søndag.

DEL

Politiet melde om røykutvikling i ein einebustad i Sogndal klokka 22.01 søndag kveld.

Naudetatane rykka ut, men dei som var i huset då det byrja å brenne, berga seg sjølv.

Klokka 22.18 melde politiet at brannen var sløkt, og at to av dei som var i huset får behandling etter å ha pusta inn røyk.

Artikkeltags