Bråtebrann kom ut av kontroll i Sogn

Av
DEL

Klokka 14.15 måndag melde politiet om gras/lyngbrann i Sogn. Brannvesen, politi og helsevesen var då framme i Norafjordvegen i Fardal i Sogndal kommune, der brannen har starta.

Operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt seier klokka 14.20 at omfanget av brannen førebels er ukjent.

Politiet fekk melding om brannen klokka 13.56. Det var då blitt observert store mengde røyk frå ein gard.

– Førebels brenn det berre i terrenget, men det er på ein gard like ved eit hus der det bur folk. Det er ikkje dyr på garden, og ingen personar er skadde, seier Knappen.

Politiet har sendt ein patrulje og brannvesenet har sendt fleire bilar til staden.

Kom ut av kontroll

– Vi har tatt høgde for at det er fare for spreiing. Det er jo tørt ute no.

Knappen seier at siste melding frå staden er at det er snakk om ein bråtebrann som er komen ut av kontroll og at den vil kunne spreie seg.

Brannvesenet stadfestar at det er snakk om ein gras-, skog- eller krattbrann som har komme ut av kontroll.

– Brannvesenet er på staden og seier dei trur dei skal klare å sløkke den greitt med dei mannskapa som er der. Det er ikkje meldt om folk som er skada eller i fare på noverande tidspunkt, seier vaktleiar Jan Gunnar Holvik på alarmsentralen i Florø like før klokka 14.30.

Det skal vere litt vind og svært tørt på staden.

– Eg hadde ei runde med brannsjefane for litt sidan, og alle bortsett frå Sogn har totalforbod mot bålbrenning. I Sogn viser dei til kvar enkelt kommune sine heimesider. Elles er vi komne til 15. april , så alt av bålbrenning må vere søkt om og godkjent, seier Holvik.

Brannvesenet har ikkje fått førehandsmelding om brenning på den aktuelle staden.

Heldige med lite vind

Vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø fortel til Firda klokka 17.01 måndag at det brenn framleis i området, men at brannmannskapet har kontroll og driv mest med vassdynking og ettersløkking.

Det vart tidlegare meldt av politiet at området som har brunne var om lag 100 gonger 300 meter. Om brannområdet har vorte større sidan dette, har ikkje vaktleiaren fått rapportar om.

– Men brannmannskapet har vore heldige med at det ikkje var særleg med vind i området, seier han.

20 mann frå brannvesenet jobba måndag ettermiddag på staden, og politiet var der også med mannskap. Ambulansepersonell returnerte då det tidleg vart klart at ingen var skadde.

Måndag kveld vart det meldt at brannen var sløkt og at brannvesenet dreiv med nedkjøling og ettersløkking på staden.


Artikkeltags