Full fyr i hus i Selje

Alle i huset kom seg ut.

DEL

Litt før klokka 00.00 natt til måndag fekk politiet melding om brann i hus ved Salt i Selje.

– Meldinga vi fekk då var at det var mykje flammar og det kom frå taket, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Magnussen opplyser at det var to personar i huset og begge kom seg ut.

– Det er ikkje meldt om noko personskade anna at ein av dei kan ha fått i seg litt røyk.

Både brannvesenet og politiet har vore på staden, og brannen er no sløkt.

– Vi har vore på staden og gjort vore undersøkinga, og kjem til å etterforskinga i dag. Brannvesenet har vore der i natt for å halde på med ettersløkking, brannen blussa litt opp igjen, seier Magnussen.

Kva skade huset har fått etter brannen er ikkje kjent.

– Det er usikkert kva skadeomfanget er. Huset var i overtenning ein liten periode, seier Magnussen.

Det er heller ikkje kjent kva årsaka til brannen er.

– Det er alt for tidleg å svare på, seier han.

Artikkeltags