Mann måtte bergast av brannvesenet etter nattmatlaging

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Brannvesenet måtte bryte seg inn i leilegheita då røyken starta å sive ut frå leilegheita.

DEL

Ein rusa mann på 25 år slapp i natt frå det med skrekken takka vere observante naboar.

– Det var ein som budde i bygget som melde frå om at han hadde kjent noko lukt frå leilegheita, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Brannvesenet måtte difor bryte opp døra til mannen for å kome seg inn i leilegheita.

Var heldig

– På sofaen ligg det ein person og søv. Det står nokre kjelar på komfyren, og det hadde byrja å ose, seier Kolltveit, og legg til at brannvesenet kom til å tidleg at det berre var snakk om røyk og lukt frå tørrkokinga.

– Det kunne fort gått mykje verre, seier Kolltveit.

–Mannen var oppegåande og i fin form, men han var litt groggy.

Mannen må likevel rekne med eit oppgjer i etterkant av tørrkokinga:

– Det er oppretta sak, så han kan nok vente seg ei bot, seier Kolltveit.

Dame hevda dørvakta slo ho

I Førde måtte politiet rykke ut til ein utestad etter ei melding om lekamskrenking klokka 0055.

– Det var ei kvinne i 40-åra som hevda at dørvakta hadde slått til ho, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Då politiet kom til staden, hadde kvinna reist frå staden.

– Men ho har opplyst at saka vil verte meld, seier Kolltveit.

Artikkeltags