Røykutvikling i bustadhus i Vik – mann innlagt på sjukehus

Artikkelen er over 1 år gammel

VIK: To personar var ute då dei oppdaga røykutvikling i huset dei bur i.

DEL

Klokka 15.22 fekk Alarmsentralen melding om røykutvikling i eit hus i Kabelviki nokre kilometer frå Vik sentrum.

– Vi er framme og jobbar på staden, men vi har ikkje kontroll, sa vaktleiar Frode Eide på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane litt over klokka 16.00.

Det var bebuarane som sjølv melde frå om brannen. Ein mann og ei kvinne var ute då dei oppdaga røyk frå huset dei bur i. 

Ifølgje Vest politidistrikt skal mannen ha pusta inn noko røyk og vart difor sendt til legevakt for sjekk. Klokka 18.10 melder politiet at mannen er lagt inn på Voss sjukehus for observasjon. Kvinna skal vere ok.

– Politiet er på staden og vi bistår med undersøking og etterforsking. Brannen er no sløkt, men bustaden har fått store røyk- og sotskadar. Kva som er årsaka til brannen veit vi førebels ingenting om, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt i 17-tida.

Politiet opprettar sak på brannen.

Artikkeltags