Pipebrann i Høyanger - naudetatane på veg

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Opne flammar observert ut av pipa.

DEL

– Folk er ute av huset, men eg veit ikkje kor mange som var i huset då brannen vart oppdaga. Ingen skal vere skadd, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Den aktuelle huset ligg i Bekkefaret i Høyanger sentrum og består av to leilegheiter. Det skal ha blitt oppdaga flammar ut av pipa, fortel Kolltveit.

Brann, ambulanse og politi er på veg til staden.

Klokka 10.00 melder politiet at dei er framme på staden og at situasjonen er under kontroll. Brannen er sløkt, men politiet vil føreta undersøkingar.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags