Brann i vedhus i Flåm

Torsdag kveld fekk politiet melding om brann i eit vedhus i Ryavegen i Flåm og naudetatane rykte ut.

DEL

Brannen blei halden i sjakk med ein hageslange.

Like før kl. 23.00 torsdag opplyste politiet at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen og det ikkje var fare for at han skulle spreie seg. Ingen personskadar blei meldt. Årsaka til brannen er ukjent.

Artikkeltags