Brann i bustadhus på Jølster

BRANN: Huseigar er på ferie, men er varsla om brannen. Klokka 10.19 var brannen sløkt.

BRANN: Huseigar er på ferie, men er varsla om brannen. Klokka 10.19 var brannen sløkt.

Medan eigar var bortreist, byrja det å brenne i huset på Ålhus.

DEL

– Det er snakk om eit bustadhus på Ålhus, og eigaren er bortreist, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Politiet fekk meldinga klokka 09.47. Meldar, som var ein nabo, fortalde då at det gløda i veggen på huset.

Det skal ha vore opne flammar i eit hjørne av huset, men det skal ikkje ha vore snakk om ein stor brann.

– Men det var ein del røyk på staden, seier Knappen.

Klokka 10.19 melde brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen. Brannvesenet har vore i kontakt med huseigar.

Ingen heime

Gunnar Englund i politiet fortel at brannen starta i eit fyrrom inne i huset. Ifølge Englund var ingen inne i huset då det tok til å brenne, men to personar gjekk inn i rommet etter å ha oppdaga røyken. Begge har fått litt røyk i seg, og blir tilsett av helsepersonell på staden.

Brannvesenet jobba like før klokka ti med å lufte og å undersøke veggane i huset, og var i gang med opprydding på staden.

Klokka 10.09 opplyste vaktoperatør Kolbjørn Øvrebotten ved alarmsentralen i Florø at det var røykdykkarar inne i huset.

– Dei melder frå staden no at røykdykkarar er inne på det aktuelle rommet i huset, og at dei har kontroll på saka, sa Øvrebotten då.

Artikkeltags