Først tok det til å brenne i eit røykhus – så spreidde brannen seg til eit bustadhus

TOTALSKADD: Huset som brenn på Solheim nær Haugsvær er totalskadd.

TOTALSKADD: Huset som brenn på Solheim nær Haugsvær er totalskadd. Foto:

No driv brannvesenet kontrollert nedbrenning.

DEL

Klokka 19.12 laurdag kveld melde Vest politidistrikt om brann i eit røykhus på Solheim ved Haugsvær i Nordhordland. Brannen vart meldt like over klokka 19.00 og alle naudetatar rykte ut.

Klokka 19.27 var brannvesenet på plass og i gong med sløkkingsarbeidet, melde politiet.

Først melde Vest politidistrikt at brannen spreidde seg til ein garasje, driftsbygning og eit bustadhus. Det rette er eitt hus:

– Dette er eit kombinert bustadhus, garasje og verkstad. Busetnad rundt og vegetasjon er utanfor fare, melder politiet litt etter 20.30 laurdag kveld.

Røykhuset er heilt nedbrent. Huset som brenn er totalskadd og vil bli brent ned kontrollert.

– Det bur to personar i huset. Ein er på staden og den andre er bortreist. Fem personar vert køyrt til lokal legevakt for sjekk etter å ha pusta inn røyk, melder politiet.

Solheim ligg ved E39, ikkje så langt frå fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.

Vaktkommandør Karl-Arne Røyseth ved 110-sentralen i Hordaland fortel til avisa Nordhordland at uthuset som brannen starta i var brukt til lagringsplass.

– Vi har mellom anna tatt ut bensin derfrå, seier Røyseth til avisa.

    VIDEO: NH-TIPSAR

    Artikkeltags