Brann i einebustad på Byrkjelo

RYKTE UT: Brannmannskap frå Sandane og Breim rykte ut då ein einebustad begynte å brenne 1. juledag.

RYKTE UT: Brannmannskap frå Sandane og Breim rykte ut då ein einebustad begynte å brenne 1. juledag. Foto:

Politiet fekk melding om brannen klokka 12.35 onsdag.

DEL

– Brannvesenet har no fått kontroll på brannen. Inge personar skal ha kome til skade i brannen, melde Vest politidistrikt klokka 13.40.

Vaktleiar på Alarmsentralen, Frode Eide, seier til Firda at heile huset var fylt i røyk då dei kom fram. Brannen skal ha starta i kjellaren.

– Det har vore ein ulmebrann og brunne i skiljet mellom etasjane i huset, fortel han.

Det skal ikkje ha vore nokon i huset då det tok til å brenne. Brannen vart varsla av naboar, seier Eide.

– Som følge av røyken har huset fått ein del røykskadar, men kva som er årsaka til brannen er førebels ukjent. Politiet er på staden og driv med undersøkingar no.

Tatijana Knappen, operasjonsleiar ved Vest polititdistrikt, kan heller ikkje seie kva som kan vere årsaka til brannen.

– Vi er på staden for å gjere dei nødvendige undersøkingane og vi er forsiktige med å konkludere på eit så tidleg tidspunkt. Vi veit er at det er sentralfyring i kjellaren, men vi held alle teoriar opne, seier Knappen like før klokka 14.00.

Artikkeltags