Mykje røyk frå leilegheit- full utrykking til Haugum i Førde

FULL UTRYKKING: Alle naudetatar er på plass på Haugum i Førde, der det er meldt om brann i ei leilegheit.

FULL UTRYKKING: Alle naudetatar er på plass på Haugum i Førde, der det er meldt om brann i ei leilegheit. Foto:

DEL

Politiet melder at det er full utrykking til Hornnesvegen i Førde like over klokka 16. Meldinga gjekk ut på at det brann i ei leilegheit.

Firda sin journalist på staden fortel 20 minutt seinare at røykdykkarar har gått inn i ei leilegheit på Haugum. Ho kan ikkje sjå opne flammar, og heller ikkje røyk frå leilegheita.

Evakuerte naboar

– Vi fekk melding om at det var mykje røyk i ei leilegheit i ei blokk her på Haugum. Vi rykte ut med politi, brann og helse, seier Kristine Skilbrei i politiet, som har ansvaret på staden.

Alle naboane i trappeoppgangen vart evakuerte, men rundt klokka 16.40 fekk dei gå tilbake i leilegheitene sine.

Litt seinare fekk også personen i den aktuelle leilegheita lov å gå tilbake til bustaden sin.

Starta under fyring

– Røyken kom frå ein vedovn. Det var ingen opne flammar, seier Skilbrei til Firda.

Ingen personar kom til skade i hendinga.

Politiet har gjort seg ferdig på staden og det blir ikkje oppretta sak.



Artikkeltags