Melde om brann i bustadhus. Då naudetatane kom fram viste det seg at det var snakk om bålbrenning

DEL

Vest politidistrikt melder om brann i ein bustad i Florø. Naudetatane er på veg til staden.

Alarmsentralen i Florø stadfestar at det er ein brann, men har ikkje tid til å snakke.

– Vi er veldig opptatt akkurat no, seier dei der.

Klokka 21.54 seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt at politiet akkurat då kom til staden, som ligg i sentrum av Florø.

– Då fekk eg akkurat melding om at det er snakk om bålbrenning. Ikkje noko hus i brann. Meldar såg det heile frå litt avstand, og det er nok grunnen til at det såg ut som huset brann, seier Hausvik.

Artikkeltags