Røykutvikling på plattform med 121 personar vest for Florø

Situasjonen skal no vere under kontroll, melder Equinor.

DEL

Klokka 13.24 onsdag fekk HRS melding om kraftig røykutvikling om bord i Equinor sin plattform Snorre B.

SISTE: I 17-tida blir det meldt at situasjonen er under kontroll på plattforma.

Equinor sin talsmann Morten Eek fortel til Firda at dei instansane som har stått på standby, no har returnert.

– Det er kontroll om bord, og ein klargjer no for normal drift. Det vil vere litt å følge opp på plattforma framleis, men ein har demobilisert, seier han.

Kraftig røykutvikling

– Hovudredningssentralen (HRS) har fått melding om brann på ein plattform 78 nautiske mil vest for Florø, sa operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt kort tid etter at hendinga vart meldt.

Operasjonsleiar Rebnord melder at per no så har HRS ikkje kontroll på røykutviklinga, og at det ikkje var kjent kvar den stamma frå.

Koordinerast av HRS

Vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø fortalde til Firda at plattforma hadde eige innsatsmannskap.

– Utover det veit vi ikkje meir kva som skjer. I og med at dette skjer ute på sjøen, er det Hovudredningssentralen som koordinerer. Men om det er behov, skal vi hjelpe til, seier Holvik.

Klargjorde evakueringsmottak i Florø

Frå politiet vart det meldt at ein klargjorde eit evakueringsmottak i Florø, i tilfelle ei evakuering skulle bli naudsynt.

Equinor melde seinare at dei 121 om bord først vart sendt i livbåtane, men at dei etter kvart vart sendt tilbake.

Med helikopter og fartøy i beredskap vart det vurdert at ein ikkje såg behov for evakuering.

Til Firda klokka 15.30 sa operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt Morten Rebnord at det framleis ikkje var snakk om evakuering.

– Leiinga på plattforma meiner no at dei skal handtere situasjonen, sa Rebnord.

I 17-tida vart kom meldinga om at situasjonen var normalisert.

Artikkeltags