Bilbrann i Eid

Sjåføren framstår som uskadd.

DEL

Ein tok fyr langs E39 ved Holmøyvika, mellom Eid og avkøyrsla til Hornindal. Politiet fekk melding om dette klokka 13.00.

Brannen er no sløkt og brannvesenet har reist frå staden, seier Espen Rysjedal på Alarmsentralen klokka 14.00.

– Bilen skal ha stått i full fyr, men sjåføren klarte å køyre av hovudvegen og kom seg ut. Sjåføren framstår ikkje som skada, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

– Tok bilen plutseleg berre fyr?

– Det er ikkje sagt noko om foranledninga. Sjåføren hadde nok meir enn nok med å varsle. Vi får sjå når vi kjem fram om han har noko forklaring på kva som har skjedd, seier operasjonsleiaren.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags