Fare for skogbrann, men bålforbod manglar

FORUNDRA: Bernhard Øberg synest det er rart ikkje fleire er på offensiven med tanke på vêrtilstanden.

FORUNDRA: Bernhard Øberg synest det er rart ikkje fleire er på offensiven med tanke på vêrtilstanden. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: Berre eit fåtal kommunar vel å lytte til obs-varselet frå Meteorologisk institutt.

DEL

Etter ei tid med særs lite nedbør og mykje vind varsla Meteorologisk institutt den 15. oktober om fare for skogbrann i fylket. Varselet kom like etter ein skogbrann braut ut og spreidde seg i Lavikdalen, Høyanger, sist helg. Trass dette har berre eit fåtal kommunar valt å legge ned forbod mot bålbrenning.

– Korkje fylkesmannen eller alarmsentralen har gått ut med noko varsel om skogbrannfaren. No ventar eg eigentleg berre på at det skal ta fyr, seier Bernhard Øberg. 

Berre fire kommunar førebygger 

Bernhard Øberg er brannsjef i Førde, Naustdal og Askvoll. Dei utgjer, saman med Hyllestad, fire av 12 kommunar i Firda sitt dekningsområde som har innført forbod mot bålbrenning. Øberg er forundra over at dei andre kommunane ikkje har følgt etter.

– Sjølv om vinden har stilna dei siste dagane, er faren langt frå over. Vi får tilbakemeldingar frå folk rundt om som seier det er farleg tørt i skogbotnen. Det er mykje tørr lyng og dødt gras som berre ventar på å flamme opp.

Handterer brannfaren ulikt

Etter Bernhard Øberg fekk høyre om brannen i Lavikdalen, var han ikkje sein om å ta avgjersla om å leggje ned eit bålforbod i dei tre kommunane han har ansvar for.

Han påpeiker at dei er mange brannsjefar fordelt på områda, og dei handterer også faren ulikt. Spora etter brannen i Lavikdalen er framleis ferske, men Høyanger kommune er blant dei som ikkje har lagt ned noko forbod.

– Nokon kan meine det er ein overreaksjon med forbod mot bålbrenning, men det er no lov å førebygge. Eg vel å ikkje slite ut mannskapet springande oppi heiene etter brann, og heller ha beredskapen klar for andre tilfelle, seier Øberg.

Firda har forsøkt å komme i kontakt med brannsjef og varabrannsjef i Høyanger kommune, men dei var ikkje tilgjengelege for kommentar.

Artikkeltags