Gå til sidens hovedinnhold

Brann i Gudvangatunnelen – Fire personar lettare skadde

Artikkelen er over 6 år gammel

Politiet meldte klokka 13.30 tysdag ettermiddag om ein brann i ein buss i Gudvangatunnelen i Aurland kommune. 15.29 stadfesta Hovudredningssentralen at brannen inne i tunnelen var sløkt.

Fire lettare skadde

Fem personar fekk surstoffbehandling og vart sendt til sjukehus etter tunnelbrannen, og Haukeland universitetssjukehus opplyste tysdag kveld klokka 19.27 at fire personar var alvorleg skadde etter ulykka.

Onsdag morgon melder Helse Bergen om at dei fire er lettare skadd. Desse skal vere ei kvinne på ca 60 år, ein mann på 56 år, ein mann på 39 år og ein mann på 31 år.

Oppstod i turistbuss

Brannen skal ha oppstått i ein turistbuss 500 meter inne i tunnelen frå Flåmsida.

Det er førebels for tidleg å seie kor lenge tunnelen vil bli stengd.

– Først skal brannvesenet fullføre ettersløkkinga, og så skal vi etterforske inne i tunnelen. Det er altfor tidleg å spekulere i kor lenge tunnelen vert stengd, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Sjekka heile tunnelen

Sjølv om ein ikkje hadde indikasjonar på at fleire var i tunnelen, vart det gjennomført finsøk i Gudvangatunnelen.

– Fem personar er frakta ut av tunnelen og har fått ekstra oksygentilførsel. Det vert jobba med å få frakta ut fleire personar, og det er fortsatt personar det ikkje er gjort rede for, sa Mannsåker til Firda kring klokka halv fire.

Ein kjende til at det var fleire køyretøy inne i tunnelen då brannen starta.

– Ein må difor gå gjennom heile tunnelen for å sjekke alle køyretøy, sa Mannsåker.

Brann også for to år sidan

Den 11,4 kilometer lange tunnelen ligg på E16 og er Norges nest lengste. Den 5. august i 2013 vart Gudvangatunnelen ramma av ein storbrann etter at eit vogntog tok fyr. I den dramatiske brannen for to år sidan vart nesten 70 personar sendt til Førde sentralsjukehus og Haukeland universitetssjukehus som følge av tunnelbrannen og ei kraftig røykutvikling.

Kommentarer til denne saken