Kraftig røykutvikling i trafostasjon- brannvesen og politi rykker ut

BRANN: Både politi, brann og ambulanse rykte ut til ein brann i ein trafostasjon på Høgda i Kvammen laurdag kveld.

BRANN: Både politi, brann og ambulanse rykte ut til ein brann i ein trafostasjon på Høgda i Kvammen laurdag kveld. Foto:

DEL

Alle naudetatane rykte laurdag kveld ut til Høgda ved Kvammen, der det var meldt om kraftig røykutvikling frå ein trafostasjon.

– Det skal vere kraftig røykutvikling. Vi er ikkje komme fram til staden enno, men brannbilen er på veg. Vi veit ikkje meir akkurat no, seier Oddbjørn Aune ved alarmsentralen i Florø klokka 22.15.

Vest politidistrikt melder at også dei har folk på veg til staden.

Då brannvesenet kom fram stod trafostasjonen i full fyr. Dei fekk raskt kontroll på brannen. Det var aldri fare for at den skulle spreie seg til bygningar i området, men faren for giftig røyk var ei stund overhengande.


Artikkeltags