Brann i fjøsbygg i Askvoll

Det skal ikkje vere personar eller dyr i bygningen. Brannvesenet har no kontroll.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde tysdag kveld om ein brann i eit fjøsbygg i Holmedalsvegen i Askvoll. Det skal ikkje ha vore personar eller dyr i bygningen, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om brannen klokka 22.23.

Vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø fortalde til Firda at brannmannskapet fekk kjempa ned dei opne flammane på staden.

– Men delar av taket har rasa ned, så det har vore bra med flammar fram til brannvesenet kom, seier Holvik.

Vaktleiaren fortel at brannen vart varsla av ein som budde på garden. Det var eit ubebudd gardshus nær fjøsen, men Holvik fortel at det ikkje var fare for spreiing.

Artikkeltags