Bondelaget: – Ikkje framdrift i forhandlingane

Departementsråd Leif Forsell presenterar statens tilbod i landbruksoppgjeret. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes (t.v.)  og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff (t.h.)

Departementsråd Leif Forsell presenterar statens tilbod i landbruksoppgjeret. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes (t.v.) og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff (t.h.) Foto:

Av
DEL

Leiaren til bondelaget, Lars Petter Bartnes, seier det ikkje er framdrift i forhandlingane etter at partane i jordbruksoppgjeret hadde møte måndag.

Måndag kveld seier Bartnes til Nationen at bondeorganisasjonane og staten sit kvar for seg og går gjennom situasjonen.

– Vi hadde eit forhandlingsmøte med staten i ettermiddag, men det var ikkje framdrift mellom partane i møtet. Det vart gjort tydeleg overordna posisjonar, seier Bartnes til avisa.

På spørsmål om situasjonen er fastlåst seier leiaren i forhandlingsutval til jordbruket at det er tidleg i forhandlingane, og at det er «avdekt behov for avklaringar frå partane» for å skape framdrift. Det er ikkje avtalt når eit nytt møte vil finne stad.

Nationen har ikkje fått kommentar frå forhandlingsleiaren til staten Leif Forsell eller leier Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Staten har tilbode bøndene 1 milliard kroner i oppgjeret, medan bondeorganisasjonane krev 1,92 milliardar. Partane har frist til og med 16. mai til å bli samde. Blir ikkje partane samde, hamnar oppgjeret i Stortinget.

(©NPK)

Artikkeltags