Ein heil fjordarm til sals, fleire millionar under takst

FINNABOTTEN: Heile fjordarmen er til sals.

FINNABOTTEN: Heile fjordarmen er til sals.

Artikkelen er over 3 år gammel

VIK: Kåre Egil Skjerven sel sin del av Finnabotten i Vik. Det gjer også han som eig andre halvdelen. Blir det selt til prisantyding, kan du kjøpe ein heil fjord for 13,5 millionar.

DEL

– Det er eigentleg fælt å måtte selje. Eg og ein annan kjøpte dette og har brukt mykje tid på å sette det i stand. No ligg det eit hotell med ni dobbeltrom med bad, matsal, storkjøkken og bar, i tillegg til fritidshus og to stølshus klare. Men så råka uhella oss, forklarar Kåre Egil Skjerven.

Dei to kameratane danna eit aksjeselskap og jobba over eitt år med oppussing. Dei hadde mange planar for bruken av eigedommen. Så begynte ting å gå gale.

– Han andre vart sjuk. Eg tenkte at eg ville drive vidare, så ramma ulykka meg også. Eg vart utsett for ei båtulykke, og var heldig som overlevde. Eg har framleis mein etter ulykka, men vil nok bli frisk på sikt. Men likevel. Dette skjedde like før vi skulle opne, og alt måtte utsettast. No ser eg at vi ikkje kan sitte med denne eigedommen utan å ha sjanse til å drive. Det går ikkje opp økonomisk. Derfor har vi bestemt å selje, seier Skjerven.

Spent på summen

Finnabotten

Finnabotten Foto:

Prisantydinga på Finnabotten, landets minste fjordarm, er sett til 7 millionar for den delen av eigedommen som Skjerven er medeigar i. Den andre halvdelen ligg også ute til sals, med ei prisantyding på 6,5 millionar.

– Verditaksten som er oppgitt er frå 2012, altså før vi pussa opp. Den er på 12 millionar. Den reelle no er nok 17–18 millionar. Eg er veldig spent på kva vi får for det. Det vil no vise seg, seier Skjerven.

Hjortejakt: Her har Håkon Joner Skjerven skote tre hjortar på eit døgn.

Hjortejakt: Her har Håkon Joner Skjerven skote tre hjortar på eit døgn. Foto:

Han legg til at det er hjorteløyve med eigedommen, og fortel at i fjor skaut dei alle dei tre løyva på eit døgn.

I tillegg til bygningane og 759.615 kvadratmeter eigedom er det 26 meter flytebrygge, noko som svarar til 56 meter båtplass. Det er også skaffa løyve til 50 meter flytebrygge, med 104 meter båtplass, slik at det er mogleg å bygge ut for dei som kjøper.

Eigedommen ligg ute til sals på finn.no.

Ekte

– Det er litt trist alt dette. At vi må selje. Men eg håpar nokon kjøper og utnyttar det vi har bygd opp. Vi hadde mange planar og meiner at dette må vere midt i blinken, mellom anna for Flåm. Den bygda er øydelagd av masseturismen, det er det ikkje her. Det er veglaust, og ein må i båt eller ferje for å komme inn. Ferja kan berre komme inn ved flod sjø og gunstige straumtilhøve, så det er ikkje kvar dag den er der, seier Skjerven.

Naboeigedommen er også til sals.

Naboeigedommen er også til sals. Foto:

Han meiner det bør vere ein flott plass å vise turistar som vil oppleve noko eksklusivt og ekte. Kanskje legge opp turar frå Flåm.

– Det blir sjølvsagt opp til dei som kjøper. Men det er heilt sikkert, dei får ei fantastisk perle. Det er ikkje med lett hjarte vi sel, men det er nok det rette for oss, slik alt er blitt, seier Skjerven.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken