Propanlekkasje på kjøkken- brannvesenet rykte ut

DEL

Brannvesenet måtte rykke ut til ein propanlekkasje på eit kjøkken på Skei søndag.Meldinga kom til politiet klokka 10.25.

Klokka 10.50 melder brannmannskapet om at lekkasjen er stansa og at det ikkje er eksplosjonsfare på staden.

Ingen personar blei skadde, melder Vest politidistrikt.

Det blir ikkje noko politisak av hendinga, opplyseroperasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Firda.

Alarmsentralen rykte ut til hendinga då meldinga kom:

– Vi fekk beskjed om at det var ein gasslekkasje, men storleiken på den var uklar. Då vi kom fram synte det seg at den var veldig liten. Den hadde også blitt stengt før vi kom fram, så det heile var veldig udramatisk, seier Terje Birkeland i Alarmsentralen.

Artikkeltags