Slike forårsakar skadar for over 100 millionar årleg – har du styr på din?

Gamle varmtvasstankar gjer skade for mange hundre millionar kroner i året.

Gamle varmtvasstankar gjer skade for mange hundre millionar kroner i året. Foto:

Av

EIGEDOM: Kvart år forårsakar varmtvassbehaldarar som har gått ut på dato store skadar.

DEL

I 2017 handterte forsikringsbransjen 1765 vasskadar der årsaka var slitasje og elde på varmtvassbehaldaren. Desse skadane kosta 101 millionar kroner i privatheimar og bedrifter, ifølge tal frå Finans Norge. Tala for i fjor er ikkje klare enno, men skadebeløpet frå 2017 ligg an til å bli passert med god margin, melder forsikringsselskapet If i ei pressemelding. 

Dei første ni månadane i fjor var det 1181 vasslekkasjar frå behaldarar som er meir enn 30 år gamle. Året før var det 1313 tilsvarande hendingar på same tidspunkt, men skadane i fjor var meir omfattande og dyrare. Ein varmtvassbehaldarar i rustfritt stål har gjerne ei forventa levetid på 15–20 år.

Veker med tørking

– Sjølv om slike skader er dekka på forsikringa, har eg til gode å snakke med nokon som synest det er moro å ha vatn i veggen gjennom tre etasjar, lekkasje inn til naboen eller kjellarstova full av vatn, seier informasjonssjef Sigurd Clementz i If Skadeforsikring.

Ved sidan av gjenstandar og møblar som blir øydelagde, må ofte vifter gå i vekevis for å tørke opp bustaden, og deretter er det handverkarar inn og ut av dørene i like lang tid.

If anbefaler alle å sjekke produksjonsåret for varmtvassbehaldaren sin – det står på tanken.

– Skriv produksjonsåret stort og tydeleg med tusj på sidan av behaldaren – alternativt det året tanken er montert. Varmtvassbehaldaren er kanskje heimens kjedelegaste gjenstand, og det er smart å ha ei tydeleg påminning om når det er på tide å byte, seier Clementz.

Sjekk tanken årleg for å oppdage tilløp til lekkasje tidleg, er hans råd.

Kjøkken-risiko

Gamle varmtvasstankar som er plasserte i benkeskåp på kjøkken og utan vassensor og vasstoppeventil kan føre til store skadar, så Clementz anbefaler sameige og burettslag å gjere årlege inspeksjonar.

Tidlegare kunne ein installere behaldarar i rom utan å ha sluk eller lekkasjesikring. I alle nye bustader der det skal installerast behaldar, må den sikrast mot lekkasje – mest vanleg er at røyrleggaren monterer ein vasstoppeventil.

– Skal du byte ut ein gammal behaldar i eit kjøkkenskåp utan sluk, bør du få montert vassensorer og vass-stoppventil. Det er også mogleg å installere ein slik ventil på behaldaren du har i dag – for sikkerheits skuld, seier Clementz i pressemeldinga.

Artikkeltags