Riksmålsforbundet vil kalle bokmål for norsk. – Rimeleg frekt, meiner Noregs Mållag

USAMDE: Trond Vernegg i Riksmålsforbundet og Magne Aasbrenn hamna i ordkrig direkte på TV2 Nyhetskanalen måndag.

USAMDE: Trond Vernegg i Riksmålsforbundet og Magne Aasbrenn hamna i ordkrig direkte på TV2 Nyhetskanalen måndag. Foto:

SAMFUNN: 600.000 brukar nynorsk i Norge, medan 85 prosent skriv bokmål. Difor meiner leiaren i Riksmålsforbundet at bokmål bør få eit namn som inneheld ordet «norsk».

DEL

– Eg synest dette er rimeleg frekt. Vi i Noregs Mållag representerer språket som dei fleste i dette landet snakkar. Skal du ta frå dei språket, spør Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Ikkje frekt

Formannen i Riksmålsforbundet og leiaren i Noregs Mållag hamna i ordkrig på TV2 Nyhetskanalen måndag. Det heile starta med at Trond Vernegg i Riksmålsforbundet publiserte eit innlegg på forbundet sine heimesider, der han føreslo å døype om bokmål til norsk.

– Eg trur ein må ta innover seg at det er nemninga dei aller fleste brukar i det daglege. Ein snakkar om «norsk» og «nynorsk» seier Vernegg.

Han viser til at ordbøker som til dømes «Norsk-Engelsk» og «Norsk-Fransk» brukar bokmål.

– Det er jo bokmål, eller riksmål, som er den norsken som brukast då. Så eg trur ikkje dette er oppsiktsvekkande, og langt ifrå frekt, seier Vernegg.

– De er imot bokmål

Aasbrenn på si side argumenterer for at bokmål har danske røter, og at det difor ikkje kan kallast «norsk».

– Du må ta innover deg at vi er i 2017. Det å kalle språket som dei fleste brukar til dagleg her i landet for dansk, det er jo ikkje berre frekt, det er usedvanleg frekt, seier Vernegg som meiner Noregs Mållag ikkje fullt ut aksepterer bokmål.

– Vi er ikkje imot bokmål, men vi er veldig for nynorsk, svarar Aasbrenn.

Han trur Riksmålsforbundet er bekymra for at nynorsken byrjar å få inntog i rikspressa.

– Det er bra at nynorsken kjem inn, for nynorsken er fagforeininga til dei norske dialektene.

Artikkeltags