Notabene-kjeda konkurs

Bokhandelkjeda Notabene har gått konkurs.

DEL

Etter lang tid med økonomiske problem har bokhandlarkjeda Notabene gått konkurs, melder Dagens Næringsliv.

Avisa skreiv tidlegare i år at Notabene hadde 28 in kassokrav mot seg, på til saman 1,7 millionar kroner.

Selskapet hadde ei omsetjing i 2018 på 183 millionar kroner, og tapte 28,5 millionar kroner.

«Markedsutviklingen i 2019 forventes å være påvirket av nedgangskonjunkturen i butikkhandel med bøker», konstaterte styret i selskapet i årsrapporten for i fjor. Der sette dei si lit til at affektivisering og tilpassing av drifta skulle betre finansane i selskapet.

Artikkeltags