BKK med nytt forslag til samanslåing: – Verdt å jobbe vidare med

I styremøte til Sunnfjord Energi 28. februar la BKK fram eit forslag til samanslåing av dei to selskapa. Styret vil at administrasjonen skal gå i dialog med BKK for å konkretisere forslaget.

DEL

Det melder Sunnfjord Energi i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

– Vi har fått eit utkast som er av ein slik art at det absolutt er verdt å jobbe vidare med, seier styreleiar i Sunnfjord Energi, Arvid Andenæs.

Forslaget til BKK omfattar trygging av eksisterande arbeidsplassar og ingen skal miste jobbane som følgje av fusjon. Dei vil også sikre lokal styring, lokal leiing og at dei vil legge 20 nye kompetansearbeidsplassar til Sunnfjord i løpet av dei næraste åra.

Styret i Sunnfjord Energi vil no be administrasjonen om greie ut ein fusjon med BKK, som alternativ til å halde fram som sjølvstendig selskap.

– I tillegg til å sikre dagens arbeidsplassar legg vi opp til å leggje nokre av våre eigne satsingar til Førde. Det gjeld mellom anna innanfor elektrifisering av oppdrett og kortbanenettet for flytrafikk. Digitalisering og elektrifisering vert sentralt framover. Vi ønskjer å nytte miljøa i Sunnfjord til å styrke satsinga til BKK innanfor desse områda, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK i pressemeldinga.

– Vi har i dag fått presentert ei løysing frå BKK, og vi går no i dialog for å konkretisere kva lovnadane vil bety for kundar, eigarar og tilsette. Målet vårt er å kunne legge fram ei tilråding frå administrasjonen til styret i neste styremøte, seier administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.

Artikkeltags