BKK ankar dommen i SFE-saka til Høgsterett

BKK ankar lagmannsretten sin dom i SFE-saka.

DEL

Det melder BKK i ei pressemelding måndag ettermiddag. Der skriv BKK vidare at meiner at forkjøpsrett framleis er eit ope spørsmål etter dommen, dersom kontrollen i Sogn og Fjordane Holding vert overført til eit fond.

I pressemeldinga peikar BKK på at Lagmannsretten slår fast at oppretting av eit fond som eventuelt er kontrollert av representantar frå Sogn og Fjordane kan utløyse forkjøpsrett.

– Dommen frå Gulating lagmannsrett gir derfor inga avklaring som sikrar Sogn og Fjordane kontroll over SFE-aksjane etter fylkessamanslåinga med Hordaland den 1. januar 2020, seier Jarle Hodne, konstituert konserndirektør Kommunikasjon i BKK i pressemeldinga.

Saka

I samband med at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune går saman til det nye fylket Vestland 1. januar 2020, ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune at eigarskapet til aksjane i SFE skal bli verande innanfor dagens fylkesgrense.

SFE er i dag eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune via dotterselskapet Sogn og Fjordane Holding (49,5 %), BKK (36,8 %) og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal (til saman 13,7 %).

Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK og bad retten fastsetja at dei kan overføra 80 prosent av sitt eigarskap i SFE til kommunar i Sogn og Fjordane, utan at BKK kan hevda forkjøpsrett til aksjane. Sak gjekk for tingretten i september 2018, og for lagmannsretten i februar 2019.


Kjelde: BKK

BKK meiner premissane for dommen i lagmannsretten inneheld ei rekke vurderingar av stor interesse for eigarskapet i SFE.

– Lagmannsretten slår fast at forkjøpsrett vil gjelde ved sal av aksjar i Sogn og Fjordane Holding. Dette gir ei klar avgrensing for kva fylkeskommunen kan gjere vidare med overføring av eigarskap og styring i SFE, seier Hodne.

BKK opplyser at dei har gått grundig gjennom dommen frå lagmannsretten, og peikar på eit prinsipielt spørsmål som Høgsterett bør vurdere, og som kan ha betydning for andre saker.

– Vi ankar fordi heile saka skulle ha vore avvist frå behandling i domstolane. Etter vår meining brukar fylkeskommunen domstolane som eit utgreiingsorgan, seier Hodne i pressemeldinga frå BKK.

Artikkeltags