Til helga er vegvesenet ute av drift

40 år gamle system skal leggast om hos Vegvesenet.

DEL

FIRDAPOSTEN: No skal systema som blir brukt til køyretøytenester oppdaterast. Det betyr at ingen kan bruke desse tenestene i helga, frå fredag 22. til og med måndag 25. november klokka 07.

Alle trafikkstasjonane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir difor stengde fredag 22. november.

– Verken tilsette på trafikkstasjonane eller dei som svarar på telefon vil ha tilgang til køyretøysystema. Det blir difor ikkje mogleg å bruke våre digitale tenester på vegvesen.no, eller møte opp på våre trafikkstasjonar i denne perioden, seier seksjonsleiar Sigfred Sivertsen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Alle tenester ute av drift

Det vil seie at det ikkje vil bli mogleg å utføre tenester som salsmelding, betale omregistreringsavgift, eller registrere om køyretøy verken digitalt på vegvesen.no eller ved oppmøte på stasjonane. Det blir heller ikkje mogleg å avregistrerte køyretøy, gjennomføre køyretøykontrollar, kjøpe prøveskilt eller levere inn skilt. Heller ikkje EU-kontroll blir utført desse dagane.

Køyretøyopplysningar og oppslagstenester på køyretøydata vil fungere som normalt gjennom heile perioden, men det må påreknast noko ustabilitet.

– Vi beklagar at vi er nøydde til å stenge tilgang til tenestene desse dagane. Vi er i gong med å fornye eit førti år gammalt system. Tidlegare i år flytta vi over alle data. No er tida kommen for å installere nye, integrerte løysingar, seier Sivertsen.

Men frå måndag 25. november gjer du igjen alt enkelt, raskt og sikkert på vegvesen.no.

Artikkeltags