22 har kjøpt personlege bilskilt. Dette står det på dei

EIT BEIST OG EIGAREN: Joakim Totland Hauge (24) frå Bremanger sat klar til å bestille personleg bilskilt då tilbodet opna i sommar.

EIT BEIST OG EIGAREN: Joakim Totland Hauge (24) frå Bremanger sat klar til å bestille personleg bilskilt då tilbodet opna i sommar. Foto:

BIL: Joakim Totland Hauge frå Bremanger er ein av dei 22 frå fylket som vil skilje seg ut på bilskiltfronten.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

I mai blei det mogleg å kjøpe seg personlege bilskilt frå Vegvesenet til 9000 kroner. Totland Hauge gjorde det på dagen, og punga ut for «BEAST».

– Eg likar å skilje meg ut, enkelt og greitt. Eg fekk bestilt skiltet elleve minutt etter det opna. Eg sat klar, seier 24-åringen.

Sjå lista over alle 22 skilta nedst i saka.

Namn som kledde bilen

Bilen han køyrer er ein Mitsubishi Evolution med 265 hestekrefter.

– Det er ein sportsbil, så eg følte eg måtte ha eit skilt som kledde den. I tillegg ville eg ha noko som var litt komisk også, seier han.

Evo-modellen til Mitshubishi er bygd for rally, men ein får den også gateregistrert, slik at ein kan bruke den utanfor bane.

Går til god sak

Svei det å betale 9000kr?

Det er dyrt, då. Men det går til ei god sak, så det er greitt, seier han.

Personlege bilskilt har vist seg å bli populære etter at Statens vegvesen opna for bestilling den 15. juni i sommar. Straks dei opna nettsidene for bestilling rann det inn fleire tusen søknader. Overskotet frå pengane Statens vegvesen får inn frå skilta skal gå til trafikktryggingstiltak.

Fleire andre i fylket har tenkt som Totland Hauge, og skaffa seg personlege bilskilt.

Sjå ei liste over alle vi har funne i fylket pr 23. august her:

CAMELOT - Arne Verlo frå Måløy

DJMYTH - Erik Lyngvær frå Måløy

BEAST - Joakim Totland Hauge frå Bremanger

RUNY - Rune Nygård frå Bremanger

ELDE - Per Kristian Elde frå Rugsund

IVOLVO - Rikke Marie Fjeldsend frå Nordfjordeid

JOHN - Bedrifta NTE AS på Nordfjordeid

RS - Rolf Smedsrud frå Førde

SARGO - FG Racing AS i Naustdal

BOYSEN - Jan Erik Bøyum frå Sogndal

SOGNDAL - Magne Opthun frå Leikanger

GEOVEST - Kjell Magne Ahlin Søvde frå Hafslo

HJORT - Siv Merete Kvam Marås frå Skjolden

19RBK17 - Roger Sørli frå Øvre Årdal

SOFIE - Martin Oluf Andersen frå Årdalstangen

EINEMO - Johannes Frøysland Einemo frå Lærdal

GOLFEN - Njål Kaardal Golf frå Lærdal

NILS - Nils Sletten frå Borgund

CARLV - Carl Andre Riiber frå Vangsnes

CARLVI - Carl Henrik Riiber frå Vangsnes

MADSEN - Eirik Agledal Madsen frå Florø

T5R - Andre Skadal frå Dale

Artikkeltags