Etterlyser fleire ladestasjonar i sentrum

Marius Dalin, MDG, bystyret.

Marius Dalin, MDG, bystyret. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Marius Dalin (MDG) trur betre ladetilbod vil gjere at fleire kjøper elbil.

DEL

– Det er langt ifrå nok ladestasjonar i Førde i dag, seier Marius Dalin, som representerer Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Førde bystyre.

Per i dag finst det sju stasjonar i Førde, med totalt 20 ladepunkt. Éin av desse stasjonane har moglegheit for hurtig og semihurtig lading. Den stasjonen finst ved Coop Extra på Kronborg.

Ein hurtigladar brukar 20-30 minutt på å lade bilen frå 0 til 80 prosent. Ein «vanleg» ladar brukar 4-5 timar på same jobb.

Meir attraktivt

– Det burde vere høve for pendlarar til å lade bilen medan dei er på jobb, samt hurtigladarar i relativ nærleik til handelsområda, slik at du kan lade bilen medan du handlar, seier han.

Han peikar på at fylkeskommunen har vedteke ei tilskotsordning for bygging av hurtigladarar ved sentrale knutepunkt, med opp til 100.000 kroner til kvart prosjekt.

Dalin trur mange kvir seg for å kjøpe elbil utan eit fullverdig ladetilbod.

– Det skal ikkje hovudsakleg vere ladarar for dei som bur i Førde, men for dei som køyrer til Førde utanfrå og skal opphalde seg her over litt tid. Ein kan argumentere godt overfor fylkeskommunen at det er viktig å ha eit godt tilbod i Førde. Med betre infrastruktur, og betre tilbod av bilar i åra framover, vil elbil vere eit reelt tilbod for alle. Då er det ingen unnskyldning for ikkje å satse på det, seier han.

Artikkeltags