Førarprøven ikkje unntatt i nye fråværsreglar for føraropplæringa

NYE REGLAR: Eirik Kråkevik og andre køyrelærarar får ein ny arbeidskvardag etter at køyreopplæring blir gyldig fråværsgrunn i skulen, men elevane får framleis fråvær dagen dei skal køyre opp.

NYE REGLAR: Eirik Kråkevik og andre køyrelærarar får ein ny arbeidskvardag etter at køyreopplæring blir gyldig fråværsgrunn i skulen, men elevane får framleis fråvær dagen dei skal køyre opp. Foto:

Av

Autoriserte trafikkskolers landsforbund meiner dei nye fråværsreglane som skal innførast til hausten, vil skape store forskjellar.

DEL

– Det er gledeleg at regjeringa no gjer at delar av trafikkopplæringa blir dokumentert fråvær, men vi er skuffa over at departementet ikkje har høyrt på oss og knip inn på enkelte område. Dette handlar om trafikktryggleik, og det handlar om å følgje fastlagde læreplanar. For oss er det til dømes uforståeleg at den praktiske førarprøven ikkje kvalifiserer til dokumentert fråvær.

Det seier administrerande direktør Torgeir Abusdal i Autoriserte trafikkskolers landsforbund (ATL).

I dei nye reglane som blir innførte 1. august i år, blir det gitt dokumentert fråvær for fire timars obligatorisk tryggleikskurs på bane i tillegg til fem timar praktisk øving i landevegskøyring. Dokumentert fråvær får ein òg for fire timars undervisning i planlegging og køyring i variert trafikkmiljø. I tillegg blir det opna for at også reiseveg skal gjelde som ein del av det dokumenterte fråværet.

– Endringa som no blir gjord, er i tråd med høyringsforslaget, men framleis er det slik at elevar må rekne med å bruke fritimar, ferie og andre tidspunkt utanom skuletid til trafikkopplæring, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Abusdal seier ATL kjem til å halde fram arbeidet inn mot evalueringa av ordninga, som skal gjennomførast i 2020.

– Det er gledeleg at Sanner opnar opp for å innlemme praktisk førarprøve som dokumentert fråvær seinare, men dette burde vore på plass i forslaget som no er vedtatt, seier han.

Artikkeltags