Folket: – BMW-eigarar er dei hissigaste i trafikken

BILMERKER: Det er stor skilnad på korleis vi opplever dei ulike bilmerka i trafikken, ifølge ei undersøking Norstat har gjort for Storebrand.

BILMERKER: Det er stor skilnad på korleis vi opplever dei ulike bilmerka i trafikken, ifølge ei undersøking Norstat har gjort for Storebrand. Foto:

Øvst på lista over råkøyrarar hamnar BMW-sjåførane. I motsett endre finn vi Toyota-eigarane.

DEL

Det er ei kjend sak at fleire bilistar fell for freistinga og trakkar gasspedalen litt ekstra hardt ned, trass i fartsgrensa.

Om du tenker deg om ser du nok for deg den typiske råkøyraren – og kva bil vedkommande køyrer.

I ei undersøking Norstat gjorde for forsikringsselskapet Storebrand, spurte dei 5000 personar om kva bilmerke dei meinte var mest aggressiv i trafikken, skriv Dinside.

Over halvparten (53 prosent) er einig i at BMW er verst. Nest verst er Audi, med 37 prosent. På tredjeplass kjem Tesla, 30 prosent meiner elbilen er mest aggressiv i trafikken.

Køyrer som svin

– BMW skil seg spesielt ut i vår skadestatistikk som ein gjengangar.

– Det er veldig overraskande at Tesla kjem så høgt opp på lista, for det er få Tesla-bilar på vegane.

Dette seier motor-fagsjef Petter Berg i Storebrand til Dinside.

Alle trafikantar på norske vegar må ta omsyn til Vegtrafikkloven. Den gjeld også BMW-eigarar, uansett mengd hestekrefter, seier informasjonsdirektør Marius Tegneby i BMW Norge til Dinside.

Toyota mest forsiktig

Ifølge Norstats undersøking tek Toyota-sjåførar færrast sjansar og overheld fartsgrensa mest av alle.

Volvo og Skoda følger Toyota med andre og tredjeplass som mest forsiktig.

Berg seier til Dinside at det er viktig å køyre trygt, men at det kan få motsett effekt om ein er for treig. – Det er lovpålagt å sikre god flyt i trafikken. Å køyre unødvendig sakte kan medføre bot.

Dette irriterer mest i trafikken

I undersøkinga svarte tre av fire bilistar at det mest irriterande er bileigar som ikkje brukar blinklys.

Bilar som gjer farlege forbikøyringar irriterer kraftig, følgt av feilplassering og mangel av blinklys i rundkøyring.

Artikkeltags