28-åring frå Sunnfjord alvorleg skadd etter å ha fått straum gjennom kroppen

ULYKKESSTADEN: 28- åringen jobba ved denne staden då ulykka skjedde to km vest for togstasjonen på Hallingskeid i Ulvik kommune.

ULYKKESSTADEN: 28- åringen jobba ved denne staden då ulykka skjedde to km vest for togstasjonen på Hallingskeid i Ulvik kommune. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VOSS/SUNNFJORD: 28-åring frå Sunnfjord fekk straum gjennom kroppen frå leidning med 16.000 volt.

DEL

Ulykka skjedde ved jernbana på Hallingskeid i Hordaland torsdag førre veke. 28-åringen jobba med ein høgspentleidning som gir straum til toga på Bergensbana då ulykka skjedde. 

Ifølge Bane NOR har leidningen 16.000 volt i seg.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 05.29 og mannen var kritisk skadd då han blei frakta til Haukeland universitetssjukehus. Seinare på dagen omtalte Helse Bergen tilstanden som alvorleg.

Stor og kraftig leidning

Ulykka skjedde i samband med arbeid på eit snøoverbygg mellom Myrdal og Hallingskeid på Bergensbanen. 28-åringen jobbar for Mesta, som gjorde ein jobb for Bane NOR. Ifølge selskapet er køyreleidningen så stor og kraftig at ein ikkje treng å vere i direkte kontakt for å få støyt.

– Det held å komme for nærme. Då kan det skje eit straumoverslag, seier medievakt Kjetil Bakken i Bane NOR til Bergens Tidende.

Lensmann: Veit ikkje årsaka

Politiet har gjort sine åstadsgranskingar og avhøyrt vitne som var i området då ulykka skjedde.

Lensmann på Voss, Ivar Hellene, seier til Firda at dei har etterforska saka, men at dei ikkje har fått avhøyrt mannen enno.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd enno og har ingen teoriar vi kan gå ut med. Vi må avhøyre 28-åringen når han er i stand til det.

Ifølge lensmannen er mannen frå Sunnfjord. Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla om ulykka.

Kollegaer sprang til og gav førstehjelp

Mannen er tilsett i Mesta Spesialproduksjon, som no jobbar med å vareta familien til 28- åringen. Eskil Sand, kommunikasjonsrådgjevar i Mesta, seier til Firda at dei har gjennomført ei førebels gransking i saka. Dei samarbeider med politi, arbeidstilsynet og Bane NOR for å finne ut kva som var årsaka til ulykka og korleis dei skal unngå at noko slikt skjer igjen.

– Samtidig har vi fokus på å vareta dei som var på staden på ein god måte.

Arbeidskollegaene på staden reagerte raskt etter at ulykka skjedde, gav førstehjelp og varsla naudetatane.

– Kan ikkje sikre seg 100 prosent mot ulykker

– Korleis kan ei slik ulykke skje?

– Alt arbeid vi gjer langs veg og jernbane inneber ein viss risiko. Vi jobbar kvar einaste dag for å gjere jobben vi gjer på ein sikker måte, men det er dessverre ikkje mogleg å sikre seg hundre prosent mot ulykker, seier Sand.

Artikkeltags